Sjøtroll Havbruk: Ein smak av rein natur

Kysten av Vestlandet byr på nokre av verdas beste oppvekstvilkår for laks og aure. Her har Sjøtroll i over ein mannsalder produsert laks og aure av aller beste kvalitet. Dei unike og reine naturtilhøva, samt eit ufråvikeleg krav til kvalitet i alt vi gjer, er ein av grunnane til at vi i dag er ein av dei største oppdretts- og foredlingsbedriftene av laks og aure her i landet.

Konsernet har gjennom ei rekkje ulike selskap hand om heile verdikjeden frå produksjon av stamfisk og rogn og heilt fram til fisken vert slakta og bearbeida. Det gjev oss ein unik kontroll over kvaliteten på våre produkt.

Vi er i dag ein stor aktør i denne marknaden og sel produkta våre over heile verda.

Kontaktinformasjon

Sjøtroll Havbruk AS
5397 Bekkjarvik
Telefon: 91 91 18 00
Fax: 56 18 18 01
E-post: firmapost@sjotroll.no