Fengselet Mat & Vinkjellar

Bedriftsinformasjon

Fengselet på Leirvik vart bygd i 1864 og var i drift i om lag hundre år. Siste fangevoktaren, Bertinus ”Tinusen” Larsen og kona hadde stor omsut for fangane og var kjende for det gode matstellet. På folkemunne vart fengselet omtala som ”Hotell Tinus” I dag er det restaurant og bar i dei historiske lokala. Framleis er det hyggeleg servering og god mat som står i sentrum. Sjølve celleavdelinga, ”Fengselet”, har plass til selskap opp til 30 gjester. Restauranten er i kjellaren under ”Fengselet” og Rettsbygningen. Kvitkalka vegger og skifergolv lagar ein atmosfære som gjer at ein raskt gløymer tid og stad. Under den gamle Rettsbygningen ligg Vinrommet, der vinen ligg lagra bak gitter. Faklar på veggene, kvite dukar på bordet utgjer den perfekte ramma for eit lystig lag på inntil 12 personar.

God mat og drikke gjer opphaldet i ”fengsel” mykje lettare. Kjøkkenet vårt er tufta på norsk mattradisjon pakka inn i ei moderne innpakking. Kokkane er opptekne av å formidla kunnskap om og ta vare på råvarene på best mulig måte. Me ønskjer å servera ekte mat. Ny meny kvar veke med fokus på sjømat, levert frå lokal fiskebutikk, norske sesongriktige råvarer og mat laga frå grunnen av. Me skreddersyr og ulike menyar, buffeer og holder mat- og vinkurs.

Vår filosofi er enkel:

  • bruke dei beste råvarene
  • gøy på jobb
  • Væra tru mot sesong og årstid
  • Hyggelig og presis servering
  • Gjesten i sentrum
  • Formidling av historien
Tilbake ...

Kontaktinformasjon

Adresse:
Jens Hystadvei 14
5411 Stord
Telefon:
+47 53 41 77 60
Fax:
+47 53 41 77 61
Epost:
Nettside:

Åpningstider

Åpent tirsdag – laurdag kl 1800 – 2400 , sundag og mandag på førespurnad