Gloppen Hotell

Vi er eit historisk laksehotell frå 1869 – kjendt for vår store satsing på lokal mat. Her er alt på menyen heimelaga frå vårt eige produksjonskjøken, med råvarer frå 15 lokale bønder rundt hotellet og fiskarar langs kysten. Vårt produksjonskjøkken Gloppen Mat lagar både spekemat, røykelaks og ei rekke andre produkt, som vi sel i resepsjonen og på utvalde Coop-butikkar. Vi har også vårt eige bryggeri der vi produserar tre ulike typar brygg i vår historiske kjellar.

Vi har vunne fleire prisar for vår satsing på lokalmat. Bl.a; Norsk på Menyen 2014, Reiselivsprisen 2012 – Med på vinnarlaget til Det Norske Måltid 2011 på Tv2 – Ganefart 2010- Norges beste spisested langs veien – Ganefart 2008 S&F  og Visit Norway – Norwegian Foodprints. Kjøkkensjefen kom også med si eiga kokebok i 2014, «Bodils spisskammers».

Les meir om vår satsing på lokalmat her.

I 150 år har laksefiskarane besøkt Gloppen Hotell kvar einaste sesong- Gloppen elva er ein av landets beste.

Velkomen inn til oss og ei oppleving i historie og lokale smakar.

KONTAKTINFORMASJON

Adresse: Sørstrandvegen 16, 6823 Sandane
Telefon: 57 86 53 33
E-post: post@gloppenhotell.no
Nettsted: www.gloppenhotell.no

HVOR FINNER DU OSS

Historiske Gloppen Hotell ligg i sentrum av Sandane i Nordfjord, midt i Sogn og Fjordane. Det er ca 4 timers køyring nord for Bergen, 6 timer frå Oslo via Sognefjell og 3 timar frå Ålesund. Vi har eigen flyplass, 10 km frå hotellet som heiter Sandane Lufthavn. Her flyg Widerøe fleire gangar dagleg mellom Sandane og Oslo.

Gloppen Hotell og Sandane ligg nær fleire av dei største turistattraksjonane på Vestlandet. Ca 1,5 time til Stadt og Vestkapp, ca 2 timar til Geiranger, ca 1,5 time frå Briksdalbreen og 1 time frå Fjærland og Bremuseet. Sandane ligg også ca 1 til 1,5 time frå alle større sentra som Stryn, Førde, Sogndal og Måløy.

Gloppen byr sjølv på eit eldorado av aktivitetar for familiar og grupper med fjord og fjell i umiddelbar nærhet.

Se kart her: Gloppen Hotell