Haaheim Gaard

– Unike opplevingar tufta på lokale råvarer, tradisjonar og den gode historien.

Haaheim ligg vestvendt ved foten av Tysnessåta. Ein seier frå gamalt, at på fine dagar kan ein sjå i Shetlandsnausta. Garden vart bygd opp av Johannes Haaheim, kaptein på jekter som frakta tørrfisk frå Nord-Norge til Bergen, i over 30 år.

Haaheim Gaard opna dørene for spisegjester i 2009 og for hotellgjester i 2012. Kjøkkenet på Haaheim er styrt av Husfar Torstein sin store lidenskap for mat med råvarer som har ein sterk lokal identitet og forankring. For å skape dei beste matopplevingane samarbeider me med mange lokale produsentar. Husfar Torstein kjem frå fiskarfamilie, og havet og lokalmat har alltid vært sentralt i all matfilosofi på Haaheim. Nedarva kunnskap om sesongar og bruk av ulik sjømat er tatt med og blanda det med ein kreativitet og leikande utrykk som er kjenneteiknet i Haaheim sitt kjøkken. Me har ikkje faste menyer, men set saman dagens menyer basert på de råvarene som er tilgjengelige.

Hagen er rikhaldig med roser og rhododendron, stor urtehage, bærbusker, frukttre og grønnsakhage. Om ein følger dei små stiane rundt finn ein eit kapell og eit lysthus, og høns i hønsehuset om sommaren. Haaheim har og eit lite gårdsmatutsal og lokalet «Bakeriet» med vedfyrt bakarovn.

Me er i tillegg medlem av Historic hotels of Europa og Hanen. Torstein er og ein av grunnleggerane i Chefs Dinner Norge, og er med og held gjestebod med lokal råvarer omkring i landet.

Kontakt informasjon

Adresse: Haaheim Gaard, Haaheim, 5685 UGGDAL
Telefon: 53 43 30 00/ 924 87 903
E-post: post@haaheimgaard.no
Nettsted: www.haaheimgaard.no

Hvor finner du oss

Haaheim Gaard ligg på øya Tysnes i Sunnhordland, med Stord utanfor og Hardanger på innsida. Fra vestsida av øya er det lett å ta dagsturar til fruktblomstringen i Hardanger, Baroniet i Rosendal og andre flotte utfluktar.

Kjem du i retning frå Bergen, kjører du sørover E39 til Halhjem ferjekai ved Os, og ferjetur over Bjørnafjorden til Våge på Tysnes.
Kjem du frå sør, i retning frå Haugesund fylgjer du E39 nord over Stord og tek ferje frå Jektevik til Hodnanes. Og kjem du frå Hardanger følgjer du berre nordsida av fjorden heile vegen ut til Tysnes.

Kjøretider:
– Ca 70 minutt frå Bergen / 60 minutt frå Flesland flyplass
– Ca 80 minutt frå Haugesund
– Ca 45 minutt frå Stord

Se kart her: Haaheim Gaard